Ine Hoem og Edvard Hoem

02 sep 2021
Når 02 sep 2021 - 02 des 2021
By Norge

Ine Hoem og Edvard Hoem på turné

Det blir ein konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine Hoem syng farens tekster, Edvard Hoem les frå den siste romanen sin, Felemakaren, og i tillegg presenterer upubliserte nye dikt. Alle bør unne seg å høyre kor godt tekstar og musikk står til kvarandre.

Far Edvard og dotter Ine Hoem har opplevd suksess på kvart sitt felt. Edvard Hoem har gledd lesarar over heile landet, blant anna med serien om slektningane hans som utvandra til Amerika, og romanen Mors og fars historie. Ine Hoem har nådd langt ut med smakfull visepop, songar som Jeg vil aldri hjem, og Vi trenger ikke hage, vi.

Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter tok til for meir enn femten år sidan, men vart først offentleg kjent med den kjende julesongen Å, signa natt, hausten 2020, som blant anna vart framført på Lindmo i NRK i desember 2020.

Hausten 2021 legg Ine Hoem og Edvard Hoem ut på sin første turné i samband med at Ine Hoem slepper albumet Alt vi har kjært.
Alt vi har kjært 
er Ine Hoems melodiar og nyskrivne tekstar av Edvard Hoem. Her finn ein også salmar som Den fattige Gud til melodi av Henning Sommerro og No stig vår song av Håkon Berge.

"Alt vi har kjært er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje må skrive om det, men i staden om dei store og små samanhengar som rammar inn menneskelivet, og som er der, same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vera. Vi lever med framtidshåp og fortidsminne, i årstidene og i døgntidene, i kvardagen og i kosmos. Og alt dette skjer i verselinjer, som uttrykker håp og glede over alt det fantastiske som livet trass alt har å by på.» - Edvard Hoem

 I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og fantastiske improviserande musikarar har Ine Hoem skapt eit unikt univers av visepop, jazz og salmar, og Edvard Hoems tekstar.

Ver klar for sterke tekstar og vakre melodiar!

KONSERTDATOER: 
02.09 Fosnavåg Konserthus, Fosnavåg
06.09 Longyearbyen Litteraturfestival, Svalbard
13.09 Hamar Teater, Hamar
14.09 Rockefeller, Oslo
24.09 Festspillene, Kristiansund
10.10 Brumunddal Kirke, Brumunddal
25.10 Klæbu Kirke, Klæbu
24.11 Haubitz Hall, Kristiansand
02.12 Sølvberget, Stavanger

Besetning:
Edvard Hoem – forteller                                   
Ine Hoem – vokal
Markus Lillehaug Johnsen – gitar
Andreas Ulvo – piano
Jo Berger Myhre – bass
Pål Hausken – trommer